Bremanger kommune har planlagd fleire arrangement denne hausten med utvandringa som tema. Søndag 3. august skal det handle om flypioneren Thor Solberg. Arrangør er Botnane og Årebrot Grendelag.

90 år sidan Thor kryssa storhavet
Søndag 3. august vert det kafé på Årebrot grendehus. Då markerer grendelaget at 16. august er det 90 år sidan Thor Solberg (1893-1967) var den første som flaug over Atlanteren frå USA til Norge.

Han og radiotelegrafisten landa då i Bergen etter ei dramatisk reise over storhavet. Dagen etter kom Thor heim til Solberg, og tok foreldra, Gunhild og Simon, med på ein flytur over Batalden og Hovden. Dette var i mellomkrigstida, og foreldra hadde aldri sett noko liknande før sonen landa med sjøflyet nede i støa.

The Golden Age of Aviation
Forfattar Dag H. Nestegard har skrive bok om Thor Solberg. Den 3. august, kl.16.00, kjem han til Årebrot grendehus for å fortelje, og vise filmklipp og opptak med den største kjendisen frå vårt område.
Thor Solberg budde i Brooklyn, og var ein av flypionerane på legendariske Floyd Bennett Field. Der var han saman med andre heltar som Charles Lindberg, Amelia Mary Earhart og Howard Hughes, og andre som til dømes Jimmie Mattern. Desse karakterane er representantar for perioden som har fått merkelappen The Golden Age of Aviation.
Thor Solberg inngår i den store forteljinga om den norske utvandringa til Amerika. I dag står det ein statue av han ved Florø lufthamn.