Velkommen til nytt skuleår i Bremanger

Illustrasjonsfoto frå Svelgen oppvekst.
Illustrasjonsfoto frå Svelgen oppvekst.
Det nærmar seg skulestart og denne gong er datoen måndag 18. august. Spente førsteklassingar gler seg til å begynne på ein av dei fem skulane i Bremanger denne hausten.

Bremanger har ein desentralisert skulestruktur både med barnehagar og skular i dei fleste større bygdene i kommunen. Kalvåg, Hauge, Davik, Ålfoten og Svelgen har alle barnehage og skule. I tillegg er det barnehage på Kolset, og den ligg under Davik. Ungane frå Botnane går på skule i Florø, og pendlar med båt til og frå Villevika og Årebrot. 

– Vi vil spesielt ønske førsteklassingane velkomen. Første skuledag er som kjent ein merkedag, smiler Gro Bakke Abildsnes som er kommunalsjef for oppvekst, kultur og fritid. 

Denne gongen er det 38 førsteklassingar i Bremanger fordelte på dei fem skulane.

Men først fagleg påfyll

Ungane startar neste veke, men for dei tilsette er det samling på samfunnshuset i Svelgenallereie fredag. Første del av dagen er felles. Då skal det handle om musikkterapi, PPT og informasjon frå kommunen. 

I andre halvdel blir det hjartesamling for dei barnehagetilsette i småsalen. Her blir det seminar med Nok. Norge som arbeider med seksuelle overgrep. 

– Ny statistikk frå Nok. viser at når hjelpa er tilgjengelege er det lettare å bruke den hjelpa. Derfor er det viktig å informere om dette tilbodet, seier Abildsnes. 

Foredrag om kunstig intelligens

Dei skuletilsette er i andre halvdel inviterte til førelesing med Kjetil Berglund frå Fagfokus.Berglund skal snakke om praktisk bruk av kunstig intelligens i klasserommet. 

Kommunalsjefen seier trygt og godt skule- og barnehagemiljø er viktig, og at dette har kommunen hatt fokus på i mange år. No ser dei fram til å kome i gang med neste barnehage-og skuleår: 

– Vi veit at det er mange som gler seg. Foreldre og føresette kan finne informasjon om skulane og barnehagane våre på heimesida til kommunen.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.