Det er Høgskulen på Vestlandet som samarbeider med kommunane i Nordfjord om dei to informasjonsmøta første veka i mars.
Fleire vegar inn
Arrangøren seier at invitasjonen at det er mange vegar inn i læraryrket. Kan hende er du elev i vidaregåande skule og vurderer å ta høgare utdanning som lærar? Eller du arbeider som vikar i skule eller barnehage. Då kan dette informasjonsmøte vere noko for deg.
Men her er det meir. Kanskje er du tilsett som ufaglært medarbeidar i skule eller barnehage? Eller ein har familie og kanskje jobb, og likevel har lyst til å ta utdanning.
Folk lever ulike liv. Kanskje manglar ein studiepoeng for fullført utdanning, eller har utdanning frå utlandet og ønskjer godkjent utdanning for læraryrket i Noreg. Det er i det heile tatt mange grunnar til å kome på eitt av desse møta.
Men arrangementet er ikkje berre for dei som vurderer, eller delvis er i, ein slik jobb. Møta kan også vere relevante for tilsette i kommunen som ønsker vidareutdanning, er leiar eller rådgivar i skulen eller barnehagen, og kanskje er nysgjerrig og vil vite meir om yrka som lærar.
Kommunane informerer
Agendaen for dei to møta er tilpassa målgruppa. Kommunane i Nordfjord kjem for å fortelje om behova dei har for å rekruttere lærarar og barnehagelærarar, og kva ein tilbyr pedagogar i barnehagane og grunnskulane som vert tilsette.
Deretter kjem studierettleiarar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL). Dei skal snakke om studietilboda, og moglegheit til å utvikle tilboda dei har, saman med kommunane i regionen.
Informasjonsmøte er for dei som er interesserte i barnehage- og grunnskulelærarutdanning, og vidareutdanning for barnehagelærarar og lærarar.
Møte i Operahuset på Nordfjoreid er tysdag 3. mars frå 18.00 til 20.00. Møte i Florø kulturhus er onsdag 4. mars frå 18.00 til 20.00.
Påmelding via QR-koden innan søndag 1.mars:
