To glade karnaljar spelar opp

Jens Brekke og Vidar Undseth.
Jens Brekke og Vidar Undseth.
I mai blir det meir felespel på kysten. Då kjem Jens Brekke og Vidar Undseth til Bremanger i regi av Den kulturelle sparestokken.

Jens spelar trekkspel, og står for tylepratet. Vidar spelar både flatfele og hardingfele, og driv også med tyleprat. Det blir to konsertar i ytre, og to i Svelgen. Arrangementet er gratis.

Sogningar båe to
Det er to glade karnaljar vi har med å gjere for å låne ei linje frå Jakob Sande.

Jens Brekke er lærar, kulturarbeidar og forfattar frå Vik i Sogn. Brekke har mellom anna gjeve ut hefta Illustrert tyleskap med småhistorier, og Vetlaboki, eit songhefte for barnehagar. Han har vore fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje.

Vidar Henning Underseth er frå Solund, og har som dansar vunne Landskappleiken i pardans fleire gonger. Då dansa han med Hilde Bjørkum som i mange år var sjef for  Førdefestivalen.

Til Havlys og Bremanger Fjordhotell
Onsdag 6. mai spelar dei på Bremanger sjukeheim klokka 11.00. Havlys B&B same dag klokka 18.00.

Svelgen dagen etter den 7. mai. Først på Svelgen omsorgssenter klokka 11:00. Deretter Bremanger Fjordhotell klokka 17:00.

Dette blir heilt sikkert kjekt!

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.