Stor interesse for Bremanger 

Barn og vaksen i flytevest kikkar utfor kanten på ein robåt ned i vatnet. Kvinna held ungen beskyttande i flytevesten. Foto.
Rekrutteringspakken til Bremanger kommune opplever rekord-interesse.– Interessa har vore så stor at til påske hadde vi betalt ut over seks millionar i bustadtilskot, seier ordførar Anne Kristin Førde.

 For heile 2025 har kommunen sett av to millionar til bustad-tilskot, og interessa held fram i form av stadig nye søknadar. Ordføraren fortel at pakken for tilflytting og rekruttering totalt er på ti millionar. 

Sprengte rammer 

Som mange andre distriktskommunar har også Bremanger utfordringar knytt til demografi og folketal. No viser den store interessa for tilskot til bustad at vinden kan ha snudd. 

At dei tildelte tilskota langt overgår det vi hadde budsjettert med er berre kjekt, seier Anne Kristin Førde. 

Ordføraren lovar at dei skal etterfylle på kontoen for utbetalingar fordi dei ventar fleire søknadar fram mot sommaren. 

Dersom du vurderer Bremanger, og vil søke om bustadtilskot finn du søknadsskjema her.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.