Folketalet aukar

Også i andre kvartal hadde Bremanger kommune auke i folketalet. Denne gongen var auken på ni personar. – Dermed har folketalet gått opp med 30 personar så langt i år, seier ordførar Anne Kristin Førde.

Ordføraren er forsiktig optimist, og seier den kraftige rekutteringspakken truleg er ein viktig del av forklaringa på kvifor folketalet i kommunen aukar. I første kvartal auka folketalet med 21 personar.

Pakke på ti millionar

Kommunestyret i Bremanger har vedtatt ein rekrutteringspakke der ein skal bruke ti millionar kroner i året på auka tilflytting. Eit tilflyttarkontor er etablert, og ein nettstad under overskrifta Gode Bremanger.

– På nettsida til Gode Bremanger kan ein finne meir informasjon om alt det Bremanger tilbyr dei som vil flytte hit, seier ordføraren.

Nærmar seg 3.400 innbyggarar

Folketalet i Bremanger nærmar seg no 3.400 innbyggarar. Det eksakte talet frå Statistisk Sentralbyrå for andre kvartal 2025 er 3.391 fastbuande i kommunen.

– Bremanger er ein kraftkommune, og slik sett er vi heldigare enn mange andre kommunar. Men her får vi ingenting gratis. Utfordringane med demografi ligg der, og innsatsen med å auke folketalet held fram. Skal vi lykkast, må vi ikkje berre vere attraktive for dei som vil flytte hit – vi må òg sikre fleire nye og framtidsretta arbeidsplassar basert på våre naturgitte fortrinn. Med hav, fjell og kraftressursar har vi store moglegheiter til å byggje berekraftige arbeidsplassar som kan gje både unge og etablerte grunn til å satse på Bremanger, avsluttar Førde.

Kjelde: Kommunefakta – SSB

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.