Svenske Lill Lindfors hadde ein slager på 1970-talet med tittelen «Musik skall byggas utav glädje». Og det er nettopp slik vi opplever det når vi ser Heldal i aksjon med dei gamle ein haustdag i september. Det er blide andlet kor ein snur seg.
Prøysen og Sivle
På repertoaret står klassikarane frå den gongen forsamlinga gjekk i småskulen. Det er «Blåveispiken» av Alf Prøysen, fleire av songane til Paasche Aasen og «Den fyrste songen» av sogningen Per Sivle for å nemne eit knippe.
– Det er forunderleg kva musikk kan få til. Fleire eldre har kognitive utfordringar, og kan streve med å huske fakta og livshendingar. Men syng vi til dømes «Mellom bakkar og berg» viser det seg at dei ikkje berre kan songen, men dei kan alle versa, seier terapeuten.
Ei ung terapiform
Musikkterapeuten fortel at terapi gjennom musikk er eit relativt nytt fagfelt, i alle fall om ein samanliknar med samtaleterapi, fysioterapi, og andre former for behandling. Sjølv tok han grunnfag i psykologi og musikk før det blei musikkterapi:
– Det faget tok eg på Sandane der Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde det tilbodet i samarbeid med Norges Musikkhøgskule. I dag er studiet flytta til Grieg-akademiet i Bergen.
På sett og vis er musikkterapien framleis “ute på prøve” samanlikna med dei meir etablerte fagfelta. Han seier også, med glimt i auget, at “eg er også ute på prøve”.
– Stillinga eg har er ei prosjektstilling der noko av poenget er å finne ut mest mogleg om mange ting; korleis ein best kan jobbe som musikkterapeut i Bremanger, kven som kan få eit slikt tilbod, og kor ressurskrevjande dei enkelte tilboda er. Er dei til dømes for mange eller for få, dei som ber om eit slikt tilbod? Vi vil bruke desse erfaringane til å danne oss eit bilete av kva ein musikkterapeut i Bremanger kan yte for dei som bur her.
Kva det handlar om
Ulike målgrupper har glede av helsetilbodet frå terapeuten. Heldal arbeider med unge og gamle, og nokre gonger har han med barnehagebarn i møte med dei eldre. Då ser han at det er godt for generasjonane å møtast i song og songleikar:
– Heile poenget er å gje dei eldre litt ro, og ei fin stund. Tilføre terapi på eitt eller anna vis. Og det skjer gjennom musikken. Det skjer i samtalane vi har mellom songane. Eit minne kjem fram her. Eit smil eller ei tåre kjem fram der. Tonane og melodiane appellerer til andre deler av hjernen enn der språket er, forklarar han.
For det handlar om å gjere kvardagen litt betre – med musikk. Denne dagen var det ei takknemleg forsamling i Svelgen det gjaldt. Men Heldal er ofte på Bremanger sjukeheim, Klokkartunet og Haugetun for å finne tonen med dei som bur der.